Holmely - ein nydeleg ferieplass



I sommar er Holmely ope for overnatting med frukost 22. juni - 12. august.


Dermed kan du komme og få dagar med rekreasjon på ein vakker plass i sjøkanten enten du er langreisande eller kortreisande. Holmely ligg også ideelt til for dagsturar både innover og utover Nordfjord og til Sunnmøre. Det er kort veg til Stad, Selje og Vågsøy med fleire badestrender, naturperler og historiske stader. Og fint å ta dagsturar til f eks Bremanger, Loen Skylift, Briksdalsbreen og Gloppen.

Booking.com blir brukt for å nå ut til norske og utanlandske turistar, men ein kan gjerne ta direkte kontakt; då går heile inntekta til Holmely.

Om du kan tenkje deg å vere vertskap for turistar eller jobbe dugnad i sommar og bu gratis, så er det også ei moglegheit til å få flotte dagar i sjøkanten og bidra i arbeidet.