Historikk


Starten og dei første åra av Holmely si historie



Holmely har vore i drift sidan 1994. Korleis tok dette til?

Holmely i starten. Det tredje byggetrinnet kom i 2002-03.

Dei første tankar for ein retreatstad, bakgrunn og behov. 
Det historiske vedtaket i 1989.
Fjordly Ungdomssenter som vart teke i bruk i 1973 vart igjennom åra meir og meir etterspurt på mange diakonale områder, også langt utanfor eige fylke. Nesten alltid budde menneske der inni mellom dei mange leirane, stemna, kursa og andre arrangement. Ein del unge budde der over tid av fleire grunnar. Ulike aldersgrupper bad etter kvart om å få kome å vere, for nettopp å kvile eller arbeide seg igjennom vanskar.

Mot slutten av 70 talet vart òg stille dagar eit svært populært tiltak og samla som regel 20-30 personar i ulike aldrar og bakgrunn. Behovet for tid, kvile, stillheit med bøn og bibel, bruk av naturen, få lesst av bører og å få nytt mot, synte seg sterkt. Ringverknadane vart gode. Dette var eigentleg den første smak på retreat. Men igjen var behovet påtrengjande for andre rom.  

Les om den spennande historia vidare i denne pdf-en.
Stoffet er henta frå eit historiehefte som kom ut til 20 års festen i 2014. Heile heftet kan kjøpast på Holmely. 

Brit Lundby Hilde har samla og redigert stoffet i heftet, i samarbeid med Jorunn Glomnes, som skreiv årsmeldingane dette utdraget er henta ifrå. Jorunn bar visjonen om senteret, ho var prosjektleiar og dagleg leiar frå starten av.