Overnatting


Holmely har sesongope for overnatting og frukost 22. juni - 12. august.
Plassen innbyr til rekreasjon og ferie, og er ein ideell base for dagsturar i Nordfjord.

Overnatting nærare sjøen er det vanskeleg å finne! 
Holmely ligg i strandkanten på ein holme ved Totland/Bryggja ved Rv. 15 mellom Nordfjordeid og Måløy. Sjå kart lengst nede på denne sida.

Vi har doble og enkle rom med god standard og flott utsikt mot fjorden, samt terrasse med same flotte utsikta. I tillegg til å ta imot enkeltbestillingar kan Holmely også leigast av grupper og lag med eigne arrangement. Vi har sengeplassar til ca. 20 personar.
Holmely tilbyr eit alkoholfritt miljø.


Kort veg til Stad, Selje og Vågsøy med fleire badestrender, naturperler og historiske stader. Dagsturar til f eks Bremanger, Loen Skylift, Briksdalsbreen og Gloppen.
Naturen rundt innbyd til fisketurar og fjellturar. Eller ein kan vandre i fjøra eller på bergknausane på den idylliske Søholmen like ved, med utsikt både innover og utover Nordfjorden. Holmely er også ein ideel base for kajakkpadlarar. 

Utanom sommarsesongen kan det også vere moglegheit for overnatting etter nærare avtale.
Ta kontakt! 


Oversikt rom til utleige
Prisane er inkludert frukost.

  • 3 rom med 1 enkeltseng per rom. 1. av desse romma er tilrettelagt for rullestol.
    Pris per rom per natt: 750 NOK
  • 2 rom med 2 enkeltsenger per rom. Utgang til terrasse og kvar sine inngangar.
    Pris per rom per natt: 1100 NOK
  • 1 rom med dobbeltseng + 1 enkeltseng og kjøkkenkrok. Utgang til terrasse og eigen inngang.
    Pris per rom per natt: 1400 NOK
Alle rom har eige toalett/dusj.


  • Familierom: 1 rom med 2 enkeltsenger + 1 rom med dobbeltseng (mulighet for 2 enkeltsenger). Mulighet for ei 5. seng. Toalett + dusj på gangen kun for desse to romma (eigen gang).
    Pris for desse to romma per natt: 2000 NOK

Gratis WiFi (WiFi dekker daglegstove + nokre fleire rom).
Dersom ein ønskjer å leige heile huset, er det mulighet for å leige også 3 rom med enkeltsenger som ikkje står nemnt over. 2 av desse romma har også sovesofa. Bad på kvart rom.
Ta kontakt for pris. 


Foto av romma ligg på Holmely si side på booking.com
Bestill gjerne rom direkte på denne sida. Velkommen til oss! 
Bruk skjemaet under, eller ring / send e-post til 57 85 34 25 / holmely@normisjon.no

Holmely er medlem av Visit Nordfjord og Norske Misjonshoteller.