Om Holmely

Holmely ligg som ei perle i sjøkanten, like ved riksveg 15 på Bryggja i Nordfjord, med vakker utsikt mot fjell og fjord og skogkledde holmar. 12 rom (enkle og doble) med god standard.

Midt i vakre Nordfjord ligg Holmely. Du finn Holmely på kartet lengst nede på denne sida. 


Holmely tilbyr:
Retreat
Trekkje seg tilbake, bruke tid i stillhet
for å bli betre kjent med seg sjølv og Gud.
Få hjelp til å vandre med kvilepuls.
Tid til å vere stille og be.
Faste samlingar i kapellet. Bibelmeditasjon.
Stille måltid med musikk.
Tilbod om sjelesorg/åndeleg vegleiing.

Bøn
Bønelunsj fredagar 11.30 – 12.30 (med unnatak av skuleferiar); vi et ilag, drikk kaffi og ber for staden, regionen og kvarandre (ta med matpakke).
Bøn- og lovsongssamlingar og helger; fellesskap, åndeleg påfyll, Bibellesing, tilbeding, bøn for landet, fjorden og kvarandre.

Inspirasjonshelger / temahelger
Inspirasjon og fornying for kristenlivet og kvardagen.
Gode tema-haldarar med livsnære tema.
Det er godt mogleg å ha selskap med dei andre gjestene, like gjerne som ein kan trekkje seg tilbake i stillhet når det kjennest best.
Ein kan fritt bruke loftsstove, kapellet og bokhyllene.
PS: Holmely er ikkje ein behandlings-stad, men kan ved mange høve vere eit supplement til anna hjelp.

Omsorg 
Medvandring - høve til sjelesorg/ samtale/ forbøn.
Tid for avkopling og tilkopling.
Individuelle opphald. Ta kontakt!

Enkeltgjestar, grupper og lag / Ferie
Rikeleg høve til å bruke naturen frå fjord til fjell.
Kort veg til Stadt/Vestkapp, Selje og Vågsøy med mange naturperler og historiske stader.
Holmely kan òg leigast av grupper og lag som ynskjer å ha eigne arrangement. Vi har sengeplassar til ca. 20 personar.
Holmely er medlem i Norske Misjonshoteller.

Følg Holmely
Følg Holmely på Facebook; www.facebook.com/holmely og på Instagram: www.instagram.com/holmely
Her får ein oppdateringar om arrangement, andre nyhende, vakre foto m.m.
Send osss ein e-post viss du ønskjer å få info om arrangement på Holmely: holmely@normisjon.no

Dagleg leiar:
Eva S. Langseth

Kontonummer:
3000.14.72204. Takk for alle gåver til Holmely!

Eigar
Normisjon region Sogn og Fjordane 

Reise
Gode bussamband frå/til Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim.
Ekspressbåt Bergen – Måløy 2 g. daglig.Deretter buss i ca 30 min til Holmely/Totland (Bryggja)
Fly frå Oslo/Bergen til Sandane,buss til Holmely/Totland (Bryggja).