«Ope hus»: Dagar for kvile og fornying – med tilbod om samtale og forbøn

«Ope hus»: Dagar for kvile og fornying – med tilbod om samtale og forbøn

12. – 18. oktober

Om arrangementet

Kjenner du behov for å trekkje deg litt tilbake?
Lengtar du etter nokre rolege dagar med tid til bøn, stille og ettertanke?
Ønskjer du samtale og forbøn inn i den livssituasjonen du står i no?

Denne hausten ønskjer vi velkomen til eit nytt tilbod på Holmely.

I løpet av tre dagar opnar vi huset for deg som ønskjer å trekkje deg tilbake og finne rom for kvile, bøn og fordjuping. Her kan du få tid til å sortere tankar, søkje Gud og gå dei stega du kjenner du treng. Du kan vere for deg sjølv eller delta i fellesskapet – heilt etter eige ønske. Dagane legg du opp slik det passar best for deg.

Gjennom heile opphaldet vil du bli møtt av omsorgsfulle vertar som ønskjer å skape eit trygt og godt miljø. Dersom du ønskjer det, kan du òg få samtalar med ein sjelesørgjar.

Dette får du

  • Einerom
  • God mat (tre måltid pluss nistelunsj)
  • God tid til bøn, kvile og ettertanke
  • Høve til fellesskap i eit varmt og omsorgsfullt miljø
  • To daglege samlingar i kapellet
  • Tilbod om to sjelesorgsamtalar med forbøn
  • Tilgang til huset sine fasilitetar, mellom anna kapell, bønehytte og bibliotek
  • Gode tur- og rekreasjonsmoglegheiter i den vakre nordfjordsnaturen
  • Høve til studium eller anna fordjuping for dei som ønskjer det

Om sjelesorgtilbodet

Sjelesorgsamtalane tek utgangspunkt i det du ønskjer å setje ord på og få rettleiing og forbøn for. Samtalane blir fordelte mellom tre erfarne sjelesørgjarar som vil vere på Holmely denne veka.

Ved ankomst får du tildelt sjelesørgjar og tidspunkt for samtalane. Sjelesørgjarane har sjølvsagt full teieplikt.

Tidspunkt

Opphaldet blir tilbydd i to periodar:

  • Måndag 12. oktober kl. 18.00 – torsdag 15. oktober kl. 13.00
  • Torsdag 15. oktober kl. 18.00 – sundag 18. oktober kl. 13.00

Dersom det er ledig kapasitet, kan det òg vere mogleg å vere med gjennom heile veka.

Påmelding

Det er påmelding på førehand, både til opphaldet og til sjelesorgstilbodet.

Pris

Standardpris

  • Opphald: kr 4 000
  • Opphald med sjelesorg: kr 5 200

Minimumspris

  • Opphald: kr 3 100
  • Opphald med sjelesorg: kr 4 200

Vurderer du opphald gjennom heile veka, er du velkomen til å ta kontakt, så finn vi ei løysing og avtalar pris.