Holmely er ein stad som berre kan finnast fordi mange er med og bidreg. Nokre gir av tida si, andre av ressursane sine.

Du kan bidra på fleire måtar:

Praktisk dugnad

Vi treng jamleg hjelp til vedlikehald, rydding og andre praktiske oppgåver, både inne og ute.

Hjelp på arrangement

Ved retreatar og samlingar er det behov for folk som kan hjelpe til med vertskap, mat og praktisk gjennomføring.

Gåver og økonomisk støtte

Økonomiske bidrag er viktige for å kunne halde drifta i gang og utvikle tilbodet vidare. Både faste og enkeltståande gåver betyr mykje.

Om du har lyst til å bidra, eller vil vite meir, er du velkomen til å ta kontakt med oss.

Det er mogleg å gje anten direkte til Holmely (Kontonummer 3000.14.72204/ Vipps 506517) eller gjennom Normisjon si givarplattform Profundolenke her.

Skattefrådrag

NB! Gåver som skal rapporterast inn for skattefrådrag, må givast gjennom Profundo. Her kan du bli fast givar gjennom avtalegiro eller gje enkeltgåver med Vipps eller kort. Dersom du ønskjer å gje ei øyremerkt gåve, er det dessverre ikkje mogleg å skrive inn slik informasjon direkte i skjemaet. Send derfor ein e-post til Holmely, så registrerer vi kva gåva skal gå til. Ved å bruke Profundo blir gåva automatisk rapportert til Skatteetaten, og det sparer oss for fleire timar med administrativt arbeid. Hugs å krysse av i skjemaet for «Ja, eg ønskjer skattefrådrag for gåva mi».

Bankoverføring:

Kontonummer: 3000.14.72204

Vipps:

Vipps til: 506517