Om Holmely

Ein himmelvend plass – nær livet.

Velkommen til Holmely, ein stad å styrkast, vekse og bli fornya


Om Holmely

Holmely er ein kristen retreatstad og eit inspirasjons- og utrustingssenter – ein plass der menneske kan trekkje seg tilbake for å få hjelp til å vekse og gå djupare i livet med Gud.

Bøn er sjølve «sentralnerven» i alt vi driv med. Gjennom arbeidet vårt ønskjer vi å vere med og bidra til åndeleg fornying i vår tid, på bibelsk og evangelisk grunn. Dette gjer vi både ved å vere ein møtestad der menneske kan kome saman for lære, bli inspirerte og vekse i lag, og gjennom tilbod som legg til rette for at den enkelte kan gå i personlege prosessar. Den intime atmosfæren og dei vakre, skjerma omgjevnadene gjer staden særleg godt eigna til dette.

Her ønskjer vi at du skal kjenne deg velkomen – og bli møtt med respekt og varme.

Holmely ligg som ei perle i sjøkanten, like ved riksveg 15 på Bryggja i Nordfjord, med vakker utsikt mot fjell og fjord og skogkledde holmar.

Plassen er eigd av Normisjon region Sogn og Fjordane. Normisjon er ein evangelisk-luthersk misjonsorganisasjon med lange historiske røter, med arbeid både i Noreg og i andre land.

Tilbodet vårt

  • Inspirasjons- og temahelger med livsnær undervisning som går i djupna
  • Retreat – dagar i bøn og stillheit der du går i personlege prosessar
  • Høve til sjelesorg, samtale og forbøn
  • Opne kveldsarrangement på kvardagar.
  • Bønelunsj kvar torsdag kl. 11.30–12.30 (med unntak av skuleferiar)
  • Utleige av lokala til ulike føremål

Tilsette

Holmely vert frå januar 2026 drive av eit team på tre personar:

Geir Otto Holmås, dagleg leiar (40 %)
Geir Otto er utdanna teolog med mange års røynsle både som teologisk lærar og forskar og som forkynnar, retreatleiar og sjelesørgjar. Hovudansvarsområde: Åndeleg leiing, teamleiing og overordna ansvar for drift og økonomi.

Berit Sæterlid, vertskaps- og fellesskapsansvarleg (40 %)
Berit er utdanna sosionom og familieterapeut, med arbeidserfaring frå barnevern og vaksenpsykiatri. Hovudansvarsområde: Vertskap og gjestekontakt, oppfølging av frivillige, diverse praktisk tilrettelegging og oppfølging.

Eli Karin Hoddevik, kjøkenansvarleg (40 %)
Hovudansvarsområde: Kjøken og andre praktiske oppgåver i huset.

Historikk

Holmely har ei lang historie som retreatplass og ein stad for medvandring og utrustning til liv og teneste. Gjennom åra har denne plassen vore til velsigning for mange.

Les meir om historia vår

Bidra

Du kan støtte Holmely på fleire måtar:

Bankoverføring:
Kontonummer 3000.14.72204.

Vipps:
Vipps til 506517

Les meir om å bidra