
Solnedgang frå terassen på Holmely
1. mai 2026
Nytt frå Holmely - mai 2026
Presentasjon av oss i teamet som no driv Holmely og info om pinsehelga
Kjære Holmely-vener,
Vi er godt i gang! Her kjem ei lita oppdatering frå oss i det nye teamet som driv Holmely – nokre ord om kven vi er, og små glimt frå det som rører seg hos oss for tida. Framover ønskjer vi heller å sende korte og jamlege oppdateringar, i staden for lange nyheitsbrev. Oppdateringane blir både publiserte under «Aktuelt» på nettsida og sende ut på e-post til Holmely-vener.
Sidan årsskiftet har Holmely vore drive av oss tre:
Geir Otto Holmås er dagleg leiar (40%), med særleg ansvar for det åndelege innhaldet og utviklinga av plassen, i tillegg til overordna ansvar for drift og økonomi.
Berit Sæterlid er vertskaps- og fellesskapsansvarleg (40%), med fokus på gjestekontakt, oppfølging av frivillige og praktisk tilrettelegging.
Eli Karin Hoddevik er kjøkenansvarleg (40%), med hovudansvar for kjøkenet og andre praktiske oppgåver i huset.
Vi har arbeidd saman sidan nyttår, og det har vore ei stor glede. Sjølv om vi har ulike ansvarsområde, står vi først og fremst SAMAN i arbeidet. Det er ei stor velsigning og eit vern å vere eit team i ei slik teneste, og vi opplever at vi utfyller kvarandre godt. Samstundes kviler vi i visse om at Holmely først og fremst er Guds arbeid. Vi merkar heilt konkret at Gud leier oss og sørgjer for det vi og Holmely treng – ofte på måtar vi ikkje hadde sett føre oss.
Denne våren har mykje av tida gått med til oppstart og det å finne gode former saman som team. Samtidig er vi takksame for alt det gode som har skjedd på arrangementssida: dameweekend i februar, temaretreat i februar/mars, mannsweekend i april, i tillegg til Bibel og kaffi, Song- og musikkafé (i samarbeid med Fjordly) og to songkveldar. Sist helg samla vi òg ein god gjeng til produktive dugnadsdagar. Tusen takk til dykk som deltok!
Litt meir om oss som driv plassen:
Berit er utdanna sosionom og familieterapeut, med erfaring frå barnevern og vaksenpsykiatri. Ho er gift og har fem barn, fire svigerbarn og sju barnebarn.
Ho seier:
«Fjordly ungdomssenter og Fjordly barnehage var ein gong min arbeidsplass. Frå den tida sit eg att med gode og varige minne om fellesskap, vennskap og familietid. Holmely ligg som ein oase i vakker natur. Eg ser Guds storleik i dette, og som ansvarleg for vertskap og fellesskap ønskjer eg å formidle Guds unike kjærleik – ein kjærleik som rommar oss som heile menneske.»
Geir Otto er utdanna teolog, er gift og har tre vaksne døtrer. Han bur fortsatt i Moss på Austlandet, men er i Nordfjord fem-seks gonger i halvåret, mest i samband med arrangement. Han har bakgrunn som lærar og forskar i teologi, men har sidan 2015 arbeidd for det meste som forkynnar, retreatleiar og sjelesørgjar.
Han seier:
«Det er svært meiningsfullt å få vere med og setje retning for Holmely vidare. Eg har vore her jamleg sidan 2019 og leia retreatar og undervist under bibel- og fellesskapshelger. No får eg òg kome enno nærare nordfjordsrøtene mine.»
Eli Karin er den mest erfarne av oss. Ho har vore tilsett som kjøkenansvarleg sidan hausten 2024, først i prosjektstilling og deretter fast. Ho tok eit stort ansvar på Holmely allereie i fjor haust, og er ein uvurderleg kontinuitetsberar i arbeidet.
Hugs Bibel- og fellesskapshelg i pinsa!
Også i år inviterer vi til fellesskap og undervisning i pinsehelga (22.–25. mai). Det blir samlingar frå fredag kveld til måndag føremiddag. Du kan delta heile helga (med eller utan overnatting) eller berre på enkeltmøte. Undervisninga blir ved Geir Otto. Sjå nettsida eller Facebook for meir informasjon. Hjarteleg velkommen!
Ny nettside
Vi har fått ei ny og flott nettside! Har du ikkje vore innom enno, ta gjerne ein k(l)ikk https://www.holmely.no. Nestleiar i styret, John-Olav Hoddevik, har gjort ein flott jobb med å lage sida for oss. Sida er oversiktleg og enkel å bruke. Påmelding til arrangement gjer du enklast der, og etter kvart kjem det òg betalingsløysing. Du kan også melde deg på e-postlista vår via nettsida, for å få aktuelt-epostar slik som denne.
Takk for at de står saman med oss!! Holmely er heilt avhengig av støtta frå frivillige og vener. Vi gler oss til å dele meir med dykk framover – og håpar de vil halde fram med å følgje arbeidet, be for oss og støtte oss. Hugs: De er alltid hjarteleg velkomne til å bruke plassen!
«Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt. Dersom Herren ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen fåfengt. Fåfengt står de tidleg opp og set dykk seint ned og et brødet de har slite for. Det same gjev han venene sine medan dei søv.» (Sal 127, 1–2)
På vegner av teamet på Holmely,
Geir Otto