Inspirasjonshelg for forbedarar

Inspirasjonshelg for forbedarar

25. – 27. september

Fleksibelt prissystem : 3450 kr

Om arrangementet

Ber du på ei bønnebyrde og lengtar etter åndeleg fornying og vekking?
Kjenner du eit kall til forbøn og ønskjer å stå saman med andre i denne tenesta?
Ønskjer du å vekse i tenesta som forbedar og få ny inspirasjon til bønelivet og forbøna?

Då er denne helga for deg.

Velkomen til ei inspirasjonshelg med fokus på forbøn og tenesta som forbedar. Helga er særleg retta mot deg som kjenner eit kall til å be for åndeleg fornying og vekking, og som ber på ei bønnebyrde for land, folk og kyrkjelydar.

Gjennom undervisning, erfaringsdeling, samtalar og god tid til felles bøn ønskjer vi å samle menneske som deler den same lengten og byrda.

Undervisninga vil mellom anna ha fokus på:

  • Forbønstenesta – gåve og oppgåve
  • Å be med rett perspektiv – Fadervår som mønsterbøn
  • Korleis be for vekking? Glimt frå kyrkjehistoria
  • Andens leiing i bøn – «Andens bøn i vår ånd»
  • Bønnenød, bønnekamp og å be fram til gjennombrot
  • Åndskampen i bøn – erfaringar og bibelske perspektiv
  • Kvifor vi treng å stå saman med andre i bønnekampen

Geir Otto Holmås vil ha hovudansvaret for undervisninga og opplegget gjennom helga. I tillegg vil fleire erfarne forbedarar bidra på ulike måtar.

Program

PROGRAM

Fredag 25. september

19.00 Kveldsmat

20.00 Første samling. Vi blir kjende og set kursen for helga. Samlinga blir avslutta med lesing frå Guds ord og bøn.

Laurdag 26. september

08.30 Morgonsamling i kapellet

09.00 Frukost og smøring av niste

10.00 Formiddagssamling. Undervisning, deling og samtale. Vi ber saman.

12.00 Nistelunsj

14.00 Ut i frisk luft. Vi samtalar og ber saman.

16.00 Middag

17.00 Ettermiddagssamling. Undervisning, deling og samtale. Vi ber saman.

19.30 Kveldsmat

20.30 Kveldssamling. Undervisning, deling og samtale. Vi ber saman.

Sundag 27. september

08.30 Morgonsamling i kapellet

09.00 Frukost

10.00 Formiddagssamling. Undervisning, deling og samtale. Vi ber saman.

13.00 Lunsj, takk for denne gongen – og vel heim!

Prisinformasjon

PRIS «FULL PAKKE»: Standardpris, prisnivå 1: 3.450,-/minstepris, prisnivå 2: 2.700,- – inkluderer overnatting i oppreidd seng, handkle, arrangementsavgift og alle måltid. Dobbeltrom/ ektepar: Standardpris, prisnivå 1: 2.950,- per person/ minstepris, prisnivå 2: 2.300,- (Sjå nærare detaljar om prissystemet vårt nedanfor) OM DU ER MED PÅ ALLE SAMLINGANE, MEN BUR HEIME: Arrangementsavgift 750,-. Måltid kjem i tillegg. Fint om du gir beskjed på førehand dersom du som ikkje bur på huset ønskjer måltid! FORKLARING AV PRISSYSTEMET VÅRT: Vi har ein standardpris. Dei som har trong økonomi kan velje det andre alternativet som står i påmeldingsskjemaet. Vi stiller ikkje spørsmål ved valet ditt – systemet er tillitsbasert. Vi ønskjer at dei som deltek på arrangement hos oss, ikkje skal bli unødig hindra av prisen.