
Eigne arrangement hausten 2026
7. juli 2026
Haustprogrammet Holmely 2026
Kort oversikt over programmet denne hausten
Kjære Holmely-vener!
Sommaren er godt i gang, og no er det tid for å sende ut nyheitsbrevet med haustprogrammet vårt. Vi håpar du finn noko som gir lyst til å vere med, og ser fram til ein innhaldsrik haust på Holmely!
21.–23. august – Bibel- og fellesskapshelg Denne helga får vi besøk av Oddvar Søvik, som vil undervise om nådegåvene og livet i Anden med utgangspunkt i den nye boka si Kom og drikk: Om Åndens nye liv, kjærlighet og kraft. Du er velkomen til å vere med heile helga med overnatting og full pensjon på Holmely, eller delta på dei opne samlingane og bu heime. Første møte er fredag kveld, og helga blir avslutta med møte søndag føremiddag.
25.–27. september – Inspirasjonshelg for forbedarar Vi inviterer til ei helg særleg retta mot deg som kjenner eit kall til å be for åndeleg fornying og vekking, og som ber på ei bønnebyrde for Guds folk og landet vårt. Forbønnstenesta er ei nøkkelteneste i Guds rike, og vi trur dette er ei viktig tid for å samle menneske slik at vi kan støtte kvarandre i denne tenesta. Det blir undervisning, erfaringsdeling, samtalar og god tid til felles bøn.
12.–18. oktober – Ope hus: Dagar for kvile og fornying med tilbod om sjelesorg med forbøn Denne hausten lanserer vi eit nytt tilbod på Holmely. Vi opnar huset for deg som ønskjer å trekkje deg tilbake for kvile, bøn og fordjuping. Her kan du få tid til å søkje Gud, sortere tankar og ta dei stega du kjenner du treng. Det vil òg vere mogleg å få (forbøns-)samtalar med ein sjelesørgjar. Under opphaldet blir du møtt av omsorgsfulle vertar som er med for å skape eit trygt og godt miljø.
13.–15. november – Bibel- og fellesskapshelg Meir informasjon om tema og program kjem i august.
Songkveldar med Harry Andersen Tysdag 15. september og tysdag 25. november kjem Harry Andersen tilbake til Holmely og inviterer til songkveld.
I tillegg planlegg vi ei ny damehelg i september og nokre kveldar med dametreff i haust. Informasjon og program kjem i august.
For oppdatert informasjon om alle arrangementa våre, oppmodar vi deg til å følgje med på nettsida vår. Der legg vi fortløpande ut program, påmelding og annan aktuell informasjon. Arrangement vil òg bli annonsert på Facebook-sida vår.
Del gjerne denne informasjonen vidare. Slik kan fleire få høve til å oppdage fellesskapet og arrangementa våre.
Vi håpar å sjå deg på Holmely i haust!
Varme helsingar Eli Karin, Berit og Geir Otto