






Geir Otto Holmås underviser
25. april 2026
Glimt frå mannshelga
11 menn var samla til mannshelg i april med tema: "Når menn fryktar og elskar Herren". Her er nokre glimt frå helga.
Mannshelg er ein kjempefin anledning til å kome saman som menn og få ei helg på fokus på godt kristent fellesskap kombinert med bibelundervisning og sosiale aktivitetar.
Geir Otto Holmås stod i hovudsak for undervisninga rundt temaet, og ga både utfordring og oppmuntring. Gudsfrykt er eit grunnleggande tema i bibelen som og utfordrar korleis vi lever det kristne livet.
På lørdag var det ein liten gjeng som testa den nye diskgolf-bana på Søholmen. Lav kompetanse kombinert med mykje naturtalent gjorde det til eit par underhaldande timar.
Vi tar sikte på å gjenta mannshelg om eit år, så det er berre å gjere seg klare!