Dugnadsdagar på Holmely
24. – 25. april
Dugnad
Om arrangementet
DUGNAD PÅ HOLMELY 24. APRIL OG 25 APRIL
Program
Vi inviterer til vårdugnad og håpar mange har tid og lyst til å vere med. Du kan delta ein av dagane, eller begge dagar.
Tid: Begge dagar mellom kl 10.00 til kl 16.00.
Det er også råd for overnatting.
Det er behov for hjelp både ute og inne. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Arbeid ute: Vedlikehold, feks vask av utvendige vegger før maling, vask av terasse. Hagearbeid, rydding, klipping, planting, spyling.
Arbeid inne: feks rydde boder, vask og boning av golv, nedvask av rom.
Her blir det gode høve til både triveleg prat og kjekt samvær! Det blir servert mat og drikke undervegs.
Vi ber alle møte i eigna arbeidsklede.
Gje tilbakemelding på førehand om du kjem, av omsyn til planlegging, servering og overnatting.
Vel møtt til ein triveleg og nyttig dugnad om det passar deg.