
Ver med og løft Holmely vidare. Vil du bidra med tid, bønn eller økonomisk støtte?
10. juni 2026
Bli med i fellesskapet rundt Holmely. Vi treng deg!
Ver med og løft Holmely vidare. Vil du bidra med tid, bønn eller økonomisk støtte?
Det er no fem månader sidan vi i trioteamet starta opp på Holmely. Vi er djupt takksame for, og framleis undrande over, å vere betrudde og kalla til denne tenesta.
Det å vere eit «vi» er både spennande og krevjande – å vere eit godt fungerande team, å framelske ulikskapar og å stå i både forventningar og velsigningar.
Holmely blir framleis bygd og brukt i fellesskap. Dette fellesskapet er ikkje berre vi tre i teamet; det er ikkje minst alle de som gir av tid, krefter og midlar, alle som kjem, deltek og ber.
Stor takk til alle som har gjort ein fantastisk innsats på dugnad, både ute og inne denne våren. Takk for gode samtalar, latter, måltid og fellesskap!
Slik er vi alle med og byggjer Guds hus og skaper eit levande fellesskap – kvar på vår måte.
Ver med og løft Holmely vidare. Vil du bidra med tid, bønn eller økonomisk støtte?
Praktisk hjelp ved arrangement
Akkurat no er det krevjande å ha ein full kalender utan å vite om vi har nok hjelp til å gjennomføre arrangement og praktiske oppgåver på ein god og føreseieleg måte.
Har du høve til å bidra, set vi stor pris på det. Vi treng mellom anna hjelp til:
- nokre timar på kjøkkenet ved arrangement
- vask etter arrangement og utleige
- møteleiing og andre praktiske oppgåver
Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å bidra.
Vi ønskjer å leggje til rette for at dei som hjelper til som frivillige, skal oppleve at det er godt å gje av tida si på Holmely. Vi ønskjer å gje god opplæring og at du skal kjenne deg som ein del av eit menneskeleg og åndeleg fellesskap, der du òg får noko tilbake.
Be
Holmely er både ein bønestad og ein stad som kviler på bønn. Vi er svært takksame for alle som regelmessig løfter fram staden og oss som arbeider her, i bønn til Herren.
Nokre særlege bøneemne i tida framover er:
- Be for arrangementa i haust, om nok frivillige medarbeidarar og om at dei menneska Herren ser treng å kome til arrangementa våre, faktisk finn vegen hit.
- Be for oss i leiartrioen om vern om helsa, glede i tenesta og visdom i dei vala og vegvala som ligg framfor oss.
- Be om Guds klare leiing i arbeidet som stab og styre står i, når vi søkjer retning og prioriteringar for Holmely i tida framover.
- Gløym ikkje å takke Gud for dei mange velsigningane vi har fått, og for alt det gode han let skje på denne staden og på holmen.
Støtt oss økonomisk
Økonomien ved Holmely er sårbar, og lønsutgifter er den største utgiftsposten vår. Fleire faste givarar gir føreseielegheit og gjer det lettare å planleggje arbeidet.
Bygget vårt er no over 30 år gammalt, og det dukkar jamleg opp vedlikehaldsbehov. Denne våren har vi mellom anna hatt ekstra kostnader knytte til nødvendig oppgradering av toaletta. I tillegg har fleire kvitevarer måtta bytast ut etter at dei gjekk i stykker, mellom anna vaskemaskinen nede og mikrobølgjeomn og fryseboks på minikjøkkenet i andre etasje.
Vi er svært takksame for gåver som blir øyremerkte slike nødvendige investeringar.
Det er mogleg å gje anten direkte til Holmely (Kontonummer 3000.14.72204/ Vipps 506517) eller gjennom Normisjon si givarplattform Profundo, lenke her.
NB! Gåver som skal rapporterast inn for skattefrådrag, må givast gjennom Profundo. Her kan du bli fast givar gjennom avtalegiro eller gje enkeltgåver med Vipps eller kort. Dersom du ønskjer å gje ei øyremerkt gåve, er det dessverre ikkje mogleg å skrive inn slik informasjon direkte i skjemaet. Send derfor ein e-post til Holmely, så registrerer vi kva gåva skal gå til. Ved å bruke Profundo blir gåva automatisk rapportert til Skatteetaten, og det sparer oss for fleire timar med administrativt arbeid. Hugs å krysse av i skjemaet for «Ja, eg ønskjer skattefrådrag for gåva mi».
Til slutt: Gud har alltid nok. Hos han finst alle dei ressursane vi treng. Det er ingen mangel hos han. Du skal derfor få gi av eit glad hjarte, ikkje av tvang, anten det gjeld tid, teneste eller økonomi.
«Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.
Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål,
så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng,
ja, ha overflod til all god gjerning.
For det står skrive:
Han strødde ut og gav til dei fattige,
hans rettferd skal alltid vara.»
(2 Kor 9,7-9)