Bibel- og fellesskapshelg «Mennesket lever ikkje av brød åleine»

Bibel- og fellesskapshelg «Mennesket lever ikkje av brød åleine»

13. – 15. november

Fleksibelt prissystem: 3450 kr

«Mennesket lever ikkje av brød åleine» Om Guds ord som åndeleg føde

Om arrangementet

Bibel- og fellesskapshelg i november. Det blir lagt opp til opne samlingar gjennom heile helga, med første møte fredag kveld og avslutningsmøte søndag føremiddag. Det vil vere høve til overnatting for dei som ønskjer å vere med heile helga.

Om temaet og undervisninga

«Mennesket lever ikkje av brød åleine»: Om Guds ord som åndeleg mat og rettleiing for livet

Kva er eigentleg Bibelen, og kva plass skal han ha i livet vårt? I vår tid møter vi, både innanfor og utanfor kyrkja, syn og haldningar som utfordrar tilliten til Bibelen som Guds ord.

Guds ord er levande og skapande – eit ord som verkar og skaper det det seier. Samstundes er Skrifta gitt oss som konkret rettleiing for livet. Paulus skriv i 2 Tim 3,16 at heile Skrifta er innanda av Gud og nyttig til opplæring, rettleiing, korrigering og oppseding i rettferd. Men kva inneber dette i praksis? Korleis kan vi lære å leve av Guds ord, og kva kan vi hente frå kristne som har gått føre oss?

Undervisninga gjennom helga vil følgje to hovudspor: Kvifor kan vi ha tillit til Bibelen som Guds ord, og korleis kan vi leve av dette ordet i kvardagen? Vi vil utforske spørsmål om Bibelens autoritet og sjå på korleis vi kan lese, forstå og bruke Bibelen i våre eigne liv.

Eit særleg viktig tema blir ei side ved bibellesinga som lett kjem i bakgrunnen i vår tid: Å forstå Bibelen handlar ikkje berre om kunnskap og rett tolking, men er uløyseleg knytt til vårt eige åndelege liv og vår heilaggjering. Korleis vi lever i forholdet til Gud, er avgjerande for korleis vi tek imot og forstår hans ord. Difor kan vi ikkje skilje den rette forståinga av Skrifta frå eit liv i bøn, omvending og etterfølging av Kristus.

John Olav Hoddevik og Geir Otto Holmås vil undervise denne helga.

Program

PROGRAM

FREDAG:

19.00 Velkommen og kveldsmat
20.00 Ope møte med undervisning

LAURDAG
08.00 Stille stund i kapellet
08.30 Frukost
10.00 Ope møte med undervisning
12.00 Nistelunsj på huset eller ute i det fri
Eigentid (samtale/ kvile/ fritid/ ut på tur)
16.00 Middag
17.30 Ope møte med undervisning
Startar med kaffi kl. 17.00
20.00 Kveldsmat
21.00 Laurdagskos og fellesskap for den som vil

SUNDAG:

08.15 Stille stund i kapellet
08.45 Frukost
10.00 Ope møte med nattverd og undervisning

13.00 Lunsj og avslutning

Prisinformasjon

PRIS «FULL PAKKE»: Standardpris, prisnivå 1: 3.450,-/minstepris, prisnivå 2: 2.700,- – inkluderer overnatting i oppreidd seng, handkle, arrangementsavgift og alle måltid. Dobbeltrom/ ektepar: Standardpris, prisnivå 1: 2.950,- per person/ minstepris, prisnivå 2: 2.300,- (Sjå nærare detaljar om prissystemet vårt nedanfor) OM DU ER MED PÅ ALLE SAMLINGANE, MEN BUR HEIME: Arrangementsavgift 600,-. Måltid kjem i tillegg. DU KAN OGSÅ DELTA PÅ ENKELTMØTE gjennom helga. Fint om du gir beskjed på førehand dersom du som ikkje bur på huset ønskjer måltid! FORKLARING AV PRISSYSTEMET VÅRT: Vi har ein standardpris. Dei som har trong økonomi kan velje det andre alternativet som står i påmeldingsskjemaet. Vi stiller ikkje spørsmål ved valet ditt – systemet er tillitsbasert. Vi ønskjer at dei som deltek på arrangement hos oss, ikkje skal bli unødig hindra av prisen.