Bibel- og fellesskapshelg med Oddvar Søvik
21. – 23. august
Fleksibelt prissystem: 3450 kr
Kom og drikk: Om Åndens nye liv, kjærlighet og kraft
Om arrangementet
Under haustens første bibel- og fellesskapshelg vil Oddvar Søvik kome og undervise om nådegåvene og livet i Anden. Han har nyleg gitt ut boka «Kom og drikk: Om Åndens nye liv, kjærlighet og kraft».
Det blir lagt opp til opne samlingar gjennom heile helga, med første møte fredag kveld og avslutningsmøte søndag føremiddag. Det vil vere høve til overnatting for dei som ønskjer å vere med heile helga.
Meir detaljert informasjon kjem seinare.
Prisinformasjon
PRIS «FULL PAKKE»: Standardpris, prisnivå 1: 3.450,-/minstepris, prisnivå 2: 2.700,- – inkluderer overnatting i oppreidd seng, handkle, arrangementsavgift og alle måltid. Dobbeltrom/ ektepar: Standardpris, prisnivå 1: 2.950,- per person/ minstepris, prisnivå 2: 2.300,- (Sjå nærare detaljar om prissystemet vårt nedanfor) OM DU ER MED PÅ ALLE SAMLINGANE, MEN BUR HEIME: Arrangementsavgift 750,-. Måltid kjem i tillegg. DU KAN OGSÅ DELTA PÅ ENKELTMØTE gjennom helga. Fint om du gir beskjed på førehand dersom du som ikkje bur på huset ønskjer måltid! FORKLARING AV PRISSYSTEMET VÅRT: Vi har ein standardpris. Dei som har trong økonomi kan velje det andre alternativet som står i påmeldingsskjemaet. Vi stiller ikkje spørsmål ved valet ditt – systemet er tillitsbasert. Vi ønskjer at dei som deltek på arrangement hos oss, ikkje skal bli unødig hindra av prisen.