Om Holmely

Ein jordnær plass med open himmel


Holmely er ein jordnær plass: Her kan ein få kome med livet slik det er; enten ein opplever livet som godt eller vanskeleg, eller begge deler. Og gjennom god mat, gode rom, vakker natur, fellesskap, samtalar, stillhet og bøn, ønskjer Holmely å legge til rette for at det skal vere godt å komme til denne perla ved fjorden.

Holmely er ein plass med open himmel: Vi trur og erfarer at den treeinige Gud virkar gjennom plassen og arbeidet her, og at han ønskjer å komme oss menneske i møte med sin kjærleik, der ein er i livet.

Og i det jordnære og samtidig himmelvendte, kan du få komme og senke skuldrene, og ta imot påfyll, inspirasjon, utrustning og kanskje få nytt mot til kvardagen. Hjerteleg velkomen til Holmely! 

Holmely ligg som ei perle i sjøkanten, ca. 400 m frå riksveg 15 på Bryggja i Nordfjord.
11 rom (enkle og doble) med god standard. Måltida vert servert frå eige kjøkken: god heimelaga mat. 

HOVUDTILBOD

Retreat 
Trekkje seg tilbake, bruke tid i stillhet
for å bli betre kjent med seg sjølv og Gud.
Få hjelp til å vandre med kvilepuls. Tid til å vere stille og be.
Faste samlingar i kapellet. Bibelmeditasjon. Stille måltid med musikk.
Tilbod om sjelesorg/åndeleg vegleiing/medvandring.

Bøn
Bønelunsj fredagar (med unnatak av skuleferiar) 11.30 – 12.30; vi et ilag, drikk kaffi og ber for staden, regionen og kvarandre (ta med matpakke).
Bønedagar: åndeleg påfyll/bibelundervisning/vitnesbyrd, lovsong, felles bøn, bønevandring, stillhet, høve til personleg forbøn.
Bøn- og lovsongshelger.

Temadagar / helgar / kurs
Inspirasjon og fornying for kristenlivet og kvardagen.
Gode tema-haldarar med livsnære og bibelske tema.
Det er godt mogleg å ha selskap med dei andre gjestene, like gjerne som ein kan trekkje seg tilbake i stillhet når det kjennest best. Ein kan fritt bruke loftsstove, kapellet og bokhyllene.
Dei fleste temahelger/kurshelger er i ei ramme av retreat - med kveldsbøn og morgonbøn i kapellet, samt ei eigentid/høve til stille tid i løpet av dagen.

Holmely er ikkje ein behandlings-stad, men kan ved mange høve vere eit supplement til anna hjelp.

Omsorg og livshjelp

Medvandring - høve til sjelesorg/ samtale/ forbøn.
Tid for avkopling og tilkopling.
Individuelle opphald. Ta kontakt!

Enkeltgjestar, grupper og lag / Ferie
Enkeltgjestar og feriegjestar er velkomne, etter nærare avtale.
Holmely kan òg leigast av grupper og lag som ynskjer ha eigne arrangement.
Vi har sengeplassar til ca. 20 personar.
Rikeleg høve til å bruke naturen frå fjord til fjell.
Kort veg til Stadt, Selje, Vågsøy, Bremanger, Nordfjordeid med mange naturperler og historiske stader.
Stryn, Loen, Olden m.m. i indre Nordfjord er ikkje meir enn 1 time og 15-30 minutt unna.
Holmely er medlem i Norske Misjonshoteller. 
Sommaren 2017 var det stort belegg med overnattingsgjestar, frå mange nasjonar. Mange oppdagar denne spesielle overnattingsplassen!

Du finn neppe så mange overnattingsplassar nærare sjøen enn dette!

Stab
På Holmely vil du møte, i tillegg til dei som spesifikt er nemnd i eventuelle arrangementprogram, husfolket. Desse har sjølvsagt teieplikt. Dei står til disposisjon under opphaldet ved Holmely.
Dagleg leiar: Eva S. Langseth.
Velkommen til oss!        

Lik Holmely på Facebook - då held du deg oppdatert om arrangement og nyhende frå Holmely. www.facebook.com/holmely
Eller på Instagram; sjå flotte glimt frå plassen.

Kontonummer: 3000.14.72204. Takk for alle gåver til Holmely!


Kontaktinfo
Holmely
Holmevegen 26
6711 Bryggja
Tlf.:  57 85 34 25
E-post: holmely@normisjon.no
Eigar: Normisjon region Sogn og Fjordane


Finn fram til Holmely:


Gode bussamband frå/til Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim.
Ekspressbåt Bergen – Måløy 2 g. daglig. Deretter buss i ca 30 min til Holmely/Totland (Bryggja)
Fly frå Oslo/Bergen til Sandane, buss til Holmely/Totland (Bryggja).