Ope hus 13.-16. februar


Kom til Holmely og fyll dagane med akkurat det du har behov for!

Velkommen til ope hus og fleksible dagar på Holmely! Kom og fyll dagane med det du har behov for! Fellesskap, kvile, tur, eigentid eller sosialt. Holmely er ein god plass å vere! For dei som ønskjer det, tilbyr vi eit enkelt dagsprogram med samlingar og fellesskap over ein kaffikopp i stova, gode samtalar, og turar i godt selskap.

Svanhild Juvik, Olaug Aa og Sigrun Berge Raae stiller som vertskap. Kom åleine, eller saman med nokon, og bli ein eller fleire dagar!

Vi startar med varm mat 18.30 på tysdag og avsluttar med lunsj kl. 13 på fredag. Påmelding på førehand.

Pris per person (inkl. oppreidd seng, handkle, alle måltid) per døgn: 800 kr

Påmelding til
Holmely 
Tlf. 57 85 34 25
E-post: holmely@normisjon.no