Inspirasjonshelg 20.-22. april


Roy S. Johansen står for undervisning/forkynning denne helga. 


Roy S. Johansen er tilbake på Holmely! Roy er presteutdanna v/ Metodistkyrkans Teologiska Seminar i Gøteborg. Er no evangelist innan Metodist-kyrkja i Norge på fri basis. Roy er opptatt av å leve ut trua og tilliten til Gud i kvardagen. Han er ein spennande kar, med humor, song-glede og god formidlingsevne.

NB: Vi startar helga fredag med varmt måltid kl. 18 og går så saman bort til Fjordly og deltek på Orheimkveld kl.19, med foredrag, song, musikkinnslag og kaffi. Resten av helga brukar vi saman på Holmely
(Pristillegg Orheimkveld 150,- betalast i døra på Fjordly)

Pris per person for helga: Dobbeltrom: 1950,- Enkeltrom 2150,- (inkl. oppreidd seng, handkle, alle måltid, arr.avgift)

Påmelding til
Holmely 
Tlf. 57 85 34 25
E-post: holmely@normisjon.no