Velkomen til Holmely
ein plass for å puste ut
og puste inn
ein plass for fellesskap
stille
inspirasjon


Holmely er ein bøn- og retreatplass. «Retreat» betyr å trekke seg tilbake. På Holmely kan ein trekke seg tilbake - få ein pustepause frå kvardagen - til stille retreatar, bøn- og lovsongssamlingar, temahelger til inspirasjon for trua og livet, samt få samtale/forbøn. Alt i ei ramme av ro og høve til stillhet. Gjennom dette arbeidet ønskjer Holmely å vise Jesu omsorg for heile mennesket og få vere ein oase for folk - ein plass ein kan styrke og kvile seg, og finne vatn som gir liv. Velkomen til Holmely!

Les meir om kva Holmely er.